Hopp til hovedinnhold

Palliasjon

Nasjonale planar

2. Om utdanninga

Høgare yrkesfagleg utdanning i palliasjon har som mål å utdanne yrkesutøvarar som kan ta initiativ til å utføre palliasjon til alvorleg og ulækjeleg sjuke pasientar i alle aldrar. Palliasjon er aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med alvorleg og ulækjeleg sjukdom. Lindring av fysiske smerter og andre plagsame symptom står sentralt, saman med tiltak retta mot psykiske, sosiale og åndelege/eksistensielle behov. Målet med palliasjon er best mogleg livskvalitet for pasienten og dei pårørande.

Palliativ behandling og omsorg verken framskundar døden eller forlengjer sjølve dødsprosessen, men ser på døden som ein del av livet. Pasientar i palliativ fase har ofte komplekse symptombilete som endrar seg hyppig og raskt, og dei kan oppleve akutte tilstandar og komplikasjonar som ein del av forløpet. Det kan medføre tap av fysisk funksjon, sviktande organfunksjon, polyfarmasi og eit aukande behov for pleie og omsorg.

Kandidatane skal etter fullført utdanning kunne identifisere og gi palliasjon til pasientar i og utanfor institusjon og støtte dei pårørande, som kan vere både barn, unge og vaksne. Studentane skal gjennom utdanninga utvikle den personlege og faglege kompetansen sin for å kunne hjelpe målgruppa og dei pårørande til å møte dei utfordringane dei står overfor i samband med alvorleg og ulækjeleg sjukdom og behandling, eller til ein verdig død.