Hopp til hovedinnhold

Programmering

Nasjonale planar

6. Emnebeskrivingar

Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.

6.1 Reiskapsemne

Realfagleg reiskap

EmneTema
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng Blir tilordna av den enkelte tilbydaren
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
  • har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
  • kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
  • kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
  • kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
  • kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
  • kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
  • kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
  • kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
  • kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
  • har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
  • kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
  • har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
  • har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
  • kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling

Kommunikasjon

EmneTema
Kommunikasjon 10 studiepoeng Blir tilordna av den enkelte tilbydaren
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
  • kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
  • har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
  • har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
  • har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
  • kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
  • har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
  • kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
  • kan reflektere over og revidere tekstar
  • kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
  • kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
  • kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
  • kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
  • kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
  • kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
  • kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
  • kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
  • kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
  • kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
  • meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
  • kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
  • kan samarbeide om tekstproduksjon

Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)

EmneTema
LØM 10 studiepoeng Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
  • har kunnskap om lønnskostnader
  • har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
  • kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
  • kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
  • kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
  • kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
  • kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
  • kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
  • kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
  • kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
  • kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
  • kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
  • kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
  • kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
  • kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
  • kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
  • kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse

Studenten

  • kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
  • har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
  • kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
  • kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
  • kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon

6.2 Grunnlagsemne: felles IT

Ein praktisk eller laborientert fellesmodul for alle IT-faga som skal sikre ei felles kompetanseplattform blant studentane for vidare modular, og som skal gjere studentane i stand til å kommunisere teknisk med fagfellar og andre eksterne fagpersonar.

Emne 4: Utvikling

EmneStudiepoeng
Utvikling10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om omgrep, prosessar, verktøy og ulike konstruksjonar som blir nytta innanfor programmering
  • har kunnskap om fil- og datastrukturar, referansar og normalisering av databasar som blir nytta innanfor IT
  • har kunnskap om prosessar, verktøy og arbeidsflyt som blir nytta i utviklingsarbeid og applikasjonslivssyklus
  • har innsikt i lisensiering og relevant regelverk innanfor IT-utviklingsarbeid
  • har innsikt i prinsipp for god programmeringsskikk
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor programmering, databasar og webutvikling
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap på problemstillingar innanfor IT-utvikling
  • kan nytte relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer for fungerande løysingar
  • kan nytte relevante verktøy og teknikkar for kjeldekontrollsystem
  • kan finne informasjon om programmering, databasar og webutvikling for å optimalisere eigne løysingar
  • kan kartleggje ei løysing og identifisere sårbarheiter og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • har ei etisk grunnhaldning til det å utvikle løysingar
  • kan utføre programmeringsarbeid med fokus på fungerande løysingar
  • kan byggje relasjonar med fagfellar og på tvers av fagretningar innanfor programmering og IT-sikkerheit for god utviklingspraksis
Tema
  • Programmering
  • Databasar
  • Webutvikling

Emne 5: Infrastruktur

EmneStudiepoeng
Infrastruktur10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om maskinvarekomponentar, prosessar og verktøy som blir nytta innanfor oppsett og vedlikehald av IT-infrastrukturar
  • har kunnskap om OSI-modellen, viktige nettverksprotokollar og topologiar som blir nytta for kommunikasjon mellom IT-komponentar
  • har kunnskap om prosessar og verktøy for automatisering med skript og utvikling av effektive løysingar
  • har innsikt i arkitekturprinsipp for sky-, on-premises- og hybridløysingar
  • har kunnskap om IT-bransjen og kjenner til ulike drifts- og leveransemodellar
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om systemovervaking for funksjonelt oppsett av løysingar
  • kan nytte fagleg kunnskap om konfigurasjonsstyring med kode for effektiv konfigurasjon av IT-infrastruktur
  • kan nytte relevante verktøy og teknikkar for skripting og automatisering av oppgåver
  • kan nytte relevante verktøy og teknikkar for å administrere brukareiningar
  • kan finne informasjon om sikkerheitsinfrastruktur og kodeoptimalisering
  • kan kartleggje IT-infrastruktur, identifisere moglege problemstillingar og dokumentere behovet for utbetring
Generell kompetanse

Studenten

  • har forståing for bransjeetiske prinsipp i arbeidet med infrastruktur for ei bedrift
  • kan setje opp IT-infrastruktur etter spesifikasjonane og behovet til utvalde kundar
  • kan planleggje infrastruktur til små bedrifter
  • kan byggje relasjonar med fagfellar og eksterne aktørar for god praksis innanfor infrastruktur
  • kan utvikle arbeidsmetodar for å oppgradere og halde ved like løysingar
Tema
  • Nettverk
  • Maskinvare, dataelektronikk og feilsøking
  • Server og klient
  • Virtualisering og skyteknologi

Emne 6: Rammeverk, metode og sikkerheit

EmneStudiepoeng
Rammeverk, metode og sikkerheit10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale rammeverk og arbeidsformer som blir nytta innanfor arkitektur og smidig utvikling
  • har kunnskap om omgrep, prosessar og verktøy som blir nytta i IT-prosjektleiing og drifts-/tenesteutvikling
  • har innsikt i retningslinjer og standardar for IT-sikkerheit
  • har bransjekunnskap og kjennskap til trendar og endringar innanfor IT
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om IT-arkitektur og sikkerheitspolicy
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte relevante verktøy, ressursar og teknikkar for oppsett, bruk og etterleving av sikkerheitspolicy
  • kan nytte faglege prosessar og verktøy for dokumentasjon og rutinar
  • kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for prosjektgjennomføring
  • kan finne informasjon om trendar og ny teknologi på fagområdet
  • kan kartleggje eit prosjekt, identifisere faglege problemstillingar og setje i verk forbetringstiltak
Generell kompetanse

Studenten

  • har utvikla ei etisk grunnhaldning til samarbeid, ressursbruk og gjennomføringa av IT-prosjekt
  • kan utføre IT-prosjekt etter spesifikasjonar og delta aktivt i gjennomføringa
  • kan byggje relasjonar med fagfellar, på tvers av fag og med eksterne aktørar for å utvikle god praksis
Tema
  • Arkitektur
  • Rammeverk
  • Sikkerheit
  • Prosjektgjennomføring
  • Dokumentasjon
  • Bransjekunnskap

6.3 Fordjupingsemne: Programmering 1

Programmering 1 skal gi studenten praktisk og teoretisk kompetanse innanfor programmering, systemutvikling og webutvikling og gi grunnlag for å delta i prosjektgrupper. Studenten bør ha gjennomført den felles IT-modulen før hen begynner på programmering 1.

Emne 7: Systemutvikling og samarbeid

Emnet vil gi studenten kompetanse i å arbeide med programmeringsprosjekt åleine og saman med andre og i å kommunisere med oppdragsgivaren og sluttbrukaren.

EmneStudiepoeng
Systemutvikling og samarbeid10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om relevante systemutviklingsmetodar og verktøy for å samarbeide med andre
  • har kunnskap om metodar og teknikkar for å kommunisere med sluttbrukaren under planlegging og utvikling av programvare
  • har kunnskap om planlegging og implementering av programvare som tek omsyn til brukarvennlegheit og universell utforming i tråd med Digdirs krav og reglar
  • veit korleis hen kan oppdatere den faglege kunnskapen sin om programmering og systemutvikling
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, prosjektere og gjennomføre systemutvikling og programmering åleine eller som deltakar i eller leiar av ei gruppe
  • kan designe programvare i tråd med krava frå Digdir og regelverk for universell utforming
  • kan vurdere den økonomiske situasjonen til bedrifta eller prosjektet og på bakgrunn av dette ta fornuftige og grunngitte val
  • kan finne fram til relevant fagstoff og dokumentasjon
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving
Generell kompetanse

Studenten

  • kan delta aktivt i prosjekt
  • kan utføre arbeid etter behova til oppdragsgivaren, etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfelt
  • kan utveksle bransjerelaterte synspunkt og ditto informasjon
  • kan byggje relasjonar både internt, eksternt og på tvers av fagfelt

Emne 8: Grunnleggjande programmering

Emnet gir studenten grunnleggjande programmeringskompetanse. Studenten skal kunne lese og tolke kode, drøfte sikkerheita til applikasjonar og få kjennskap til universell utforming. Studentar frå IT-sikkerheit kan òg velje dette emnet.

EmneStudiepoeng
Grunnleggjande programmering10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • kjenner til utvikling av brukargrensesnitt
  • har kunnskap om grunnleggjande programmeringsteknikkar som variabeldeklarasjonar, kontrollstrukturar, løkkjer og funksjonar
  • veit kor viktig det er å vareta sikkerheita i samband med applikasjonar
  • har kunnskap om GDPR
  • har kjennskap til universell utforming
Ferdigheiter

Studenten

  • kan utvikle eit brukargrensesnitt ved hjelp av kode og utviklingsverktøy
  • kan skrive kode med variabeldeklarasjonar, kontrollstrukturar, løkkjer og funksjonar
  • kan lese og tolke kode
  • kan halde ved like og forbetre eksisterande applikasjonar
  • kan drøfte sikkerheita til ein applikasjon
  • kan vurdere ein applikasjon med omsyn til krava om universell utforming
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje, prosjektere, dokumentere, setje i verk og drifte applikasjonar
  • kan halde ved like og utvikle kompetansen sin innanfor emnet
  • kan delta aktivt i prosjekt
  • kan utføre arbeid etter behova til oppdragsgivaren, etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfelt
  • kan utveksle bransjerelaterte synspunkt og ditto informasjon
  • kan byggje relasjonar både internt, eksternt og på tvers av fagfelt

Emne 9: Webutvikling

Emnet gir kompetanse i å byggje eller forbetre websider med HTML, CSS og JavaScript.

EmneStudiepoeng
Webutvikling10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om fagterminologi, utviklingsspråk og arbeidsprosessar som blir nytta til å utvikle nettsider ved hjelp av HTML og CSS
  • har grunnleggjande kunnskap om programmeringsspråket JavaScript og fagterminologi innanfor utvikling av nettsider og webapplikasjonar
  • har kunnskap om fagterminologi i eit JavaScript-rammeverk og veit korleis dette blir brukt i samband med utvikling av nettsider og webapplikasjonar
  • har innsikt i relevant regelverk for universell utforming og universelle standardar og krav til kvalitet i utviklinga av nettsider
  • har kunnskap om responsivt og adaptivt design tilpassa ulike einingar
  • forstår kor viktig det er med universelt utforma nettsider for å sikre tilgjengelegheit og gode brukaropplevingar for alle
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin ved å gå gjennom fagleg relevant dokumentasjon av ulike verktøy og system
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunnskap om HTML og CSS til å utvikle nettsider
  • kan nytte kunnskap om JavaScript til å utvikle nettsider og webapplikasjonar
  • kan nytte kunnskap om responsivt og adaptivt design til å utvikle nettsider som er tilpassa ulike skjermoppløysingar
  • kan nytte kunnskap om kolleksjonar av data og eksterne data i utvikling av nettsider og webapplikasjonar
  • kan nytte aktuelle verktøy for å teste og kvalitetssikre ein nettstad i tråd med gjeldande krav og regelverk
  • kan nytte kunnskap om eit JavaScript-rammeverk og veit korleis dette kan brukast til å utvikle nettsider og webapplikasjonar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan delta aktivt i prosjekt
  • kan utføre arbeid etter behova til oppdragsgivaren, etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfelt
  • kan utveksle bransjerelaterte synspunkt og ditto informasjon
  • kan byggje relasjonar både internt, eksternt og på tvers av fagfelt

6.4 Fordjupingsemne: Programmering 2

Studenten bør ha bestått programmering 1 før hen begynner på denne modulen. Programmering 2 gir kunnskap om programmering, apputvikling, databasar og prosjektarbeid. Studenten skal arbeide som deltakar i og/eller leiar av prosjektgrupper.

Emne 10: Apputvikling

Gir kompetanse innanfor XML, UX/UI-utvikling og eit valt programmeringsspråk til å byggje mobile appar.

EmneStudiepoeng
Apputvikling10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om kva ein mobil applikasjon er, og veit korleis han blir utvikla
  • har kunnskap om forskjellige modellar av datastrukturar som blir nytta i appar
  • har kunnskap om grunnleggjande programmering i eit valt programmeringsspråk og om verktøya som blir brukte til å utvikle appar
  • har kunnskap om UX/UI-utvikling i ein app
  • har kunnskap om programmering av funksjonar og objektorientert programmering
  • har innsikt i relevant regelverk om og standardar for universell utforming og veit kva følgjer det har for programmering av brukargrensesnitt
  • har kunnskap om fagterminologi innanfor utforming, grensesnitt og arbeidsprosessar som blir nytta i samband medoppsettav appar
  • har kunnskap om metodar og verktøy for oppsett og analyse av brukartestar for å vurdere eige arbeid innanfor personvern, datasikkerheit og universell utforming
  • kan oppdatere kunnskapen sin om programmering og utvikling av appar gjennom faglitteratur og søk i relevante artikkel- og ressursdatabasar og gjennom faglege fellesskap
Ferdigheiter

Studenten

  • kan ta i bruk metodar og verktøy for å utvikle innhald og datastrukturar til appar
  • kan nytte kunnskap om grunnleggjande programmering og objektorientert programmering til å utvikle appar
  • kan nytte kunnskap om XML og brukargrensesnitt (UI) til å utvikle universelt utforma appar.
  • kan nytte relevant utviklingsverktøy til å byggje appar
  • kan reflektere over sin eigen programmeringspraksis knytt til personvern og datasikkerheit og kan om nødvendig justere denne under rettleiing
  • kan finne informasjon og fagstoff i aktuelle ressursbibliotek og faglege diskusjonsforum til å løyse programmeringsoppgåver
Generell kompetanse

Studenten

  • kan delta aktivt i prosjekt
  • kan utføre arbeid etter behova til oppdragsgivaren, etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfelt
  • kan utveksle bransjerelaterte synspunkt og informasjon
  • kan byggje relasjonar både internt, eksternt og på tvers av fagfelt

Emne 11: Organisering og databasar

Emnet vil gi studenten kompetanse i databasar, databasens grensesnitt mot web- eller mobilapplikasjonar og vern av data.

EmneStudiepoeng
Organisering og databasar10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande databaseteori
  • har kunnskap om prinsippa for skytenester som dataprosessering, datalagring og programvaretenester
  • har kunnskap om relevant regelverk om datalagring
Ferdigheiter

Studenten

  • kan utvikle datamodellar med nøklar, tabellar og relasjonar
  • kan opprette databasar på lokale serverar og som skyteneste
  • kan utvikle webapplikasjonar som lagrar og hentar data frå ein database
  • kan gjere greie for prinsippa for tenester i nettskya, som dataprosessering, datalagring og programvaretenester på tenarar i eksterne tenarparkar som er tilknytte internett
  • kan nytte kunnskap om skytenester til å etablere eit datalager
  • kan ta grunngitte val om datalagring i samsvar med gjeldande lover og reglar
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje, prosjektere, dokumentere, implementere og drifte applikasjonar der nettskybaserte tenester inngår
  • kan planleggje, prosjektere, dokumentere, implementere og drifte applikasjonar der databasar inngår
  • kan delta aktivt i prosjekt
  • kan utføre arbeid etter behova til oppdragsgivaren, etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfelt
  • kan utveksle bransjerelaterte synspunkt og ditto informasjon
  • kan byggje relasjonar både internt, eksternt og på tvers av fagfelt

Emne 12: Hovudprosjekt med smidig utvikling

Hovudprosjektet vil gi studenten høve til å arbeide med lokalt næringsliv, og hen skal arbeide med web- eller mobilapplikasjon etter kravspesifikasjon frå oppdragsgivaren.

EmneStudiepoeng
Hovudprosjekt med smidig utvikling10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om relevante systemutviklingsmetodar og verktøy for samarbeid med andre
  • har kunnskap om metodar og teknikkar for kommunikasjon med sluttbrukaren under planlegging og utvikling av programvare
  • har kunnskap om planlegging og implementering av programvare som tek omsyn til brukarvennlegheit og universell utforming i tråd med Digdirs krav og reglar
  • veit korleis ein kan oppdatere den faglege kunnskapen sin om programmering og systemutvikling
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av tema for hovudprosjektet
  • kan identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
  • kan delta i teamarbeid og planleggje, kommunisere og presentere prosjektarbeid og resultat
  • kan skrive ein rapport om eit prosjekt
  • kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis
  • kan reflektere over sitt eige prosjekt og justere dette under rettleiing frå fagfolk
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å vurdere kor relevant ei problemstilling er i eit prosjekt
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med formelle og etiske krav og retningslinjer
  • har utvikla eit medvit rundt prosjektarbeid og kan fordjupe seg i temaet som dannar grunnlag for prosjektet, og tenkje kreativt og nyskapande
  • kan utføre eit prosjektarbeid i tråd med behova til bedrifta eller arbeidsgivaren
  • kan utveksle synspunkt med andre i gruppa eller bedrifta og delta i diskusjonar om utviklinga av eit prosjekt
  • kan delta aktivt i prosjekt
  • kan utføre arbeid etter behova til oppdragsgivaren, etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfelt
  • kan utveksle bransjerelaterte synspunkt og ditto informasjon
  • kan byggje relasjonar både internt, eksternt og på tvers av fagfelt