Programmering
Nasjonale planar4. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om ulike systemutviklingsmodellar
- har kunnskap om omgrep, verkemåte og sikkerheit innanfor datanettverk
- har kunnskap om strukturering, modellering og lagring av data
- har kunnskap om metodar som blir brukte til å planleggje og dokumentere strukturen og verkemåten til eit program
- har kunnskap om ulike plattformer og programmeringsspråk for å utvikle appar
- har kunnskap om verktøy og teknikkar som blir brukte til å teste programvare
- har kunnskap om relevante systemutviklingsmetodar og verktøy for samarbeid med andre
- har kunnskap om metodar og teknikkar for kommunikasjon med sluttbrukaren under planlegging og utvikling av programvare
- kan vurdere arbeid med å planleggje, designe og implementere programvare i samsvar med gjeldande krav til og reglar for brukarvennlegheit, universell utforming og personvern
- har kunnskap om programmering og om roller og prinsipp innanfor smidig utvikling
- kan oppdatere kunnskapen sin om programmering og systemutvikling
- har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor programmering og systemutvikling
- kjenner til programmeringsbransjens historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan gjere greie for val av teknologi og verktøy som blir brukte til å løyse programmeringsoppgåver
- kan planleggje, prosjektere og gjennomføre systemutvikling og programmering åleine eller som deltakar i eller leiar av ei gruppe
- kan velje rett verktøy og teknologi til å løyse fagspesifikke oppgåver og kan gjere greie for dei faglege vala som blir tekne
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff om programmering og systemutvikling og vurdere relevansen for arbeidsoppgåva
- kan gjere greie for val av verktøy og metodar i samband med utvikling av programvare med data frå eksterne kjelder som appar og nettsider
- kan designe programvare i tråd med krava frå Digdir og regelverk for universell utforming
- kan reflektere over si eiga deltaking i smidige utviklingsprosjekt, både som prosjektleiar og deltakar
- kan kartleggje og identifisere den økonomiske situasjonen til eit utviklingsprosjekt og kan setje i verk tiltak og grunngi kvifor
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver åleine eller som deltakar i ei gruppe og i tråd med krav og retningslinjer
- kan utføre programmerings- og utviklingsarbeid etter behova til oppdragsgivaren og kan etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfeltet
- kan utveksle synspunkt om programmering og systemutvikling med andre som har bakgrunn frå bransjen, og kan delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å setje standard for systematisk programmering og systemutviklingsprosessar