Hopp til hovedinnhold

Programmering

Nasjonale planar

3. Om utdanninga

Programmering og systemutvikling er et fagområde som er i rask utvikling, og yrkesutøvaren må ha både solid praksis og evne til å oppdatere kunnskapen sin. Hen må òg kunne samarbeide og kommunisere med kundar og andre interessentar på ein klar og lettfatteleg måte. Den samfunnsmessige dreiinga mot at stadig fleire tenester berre er tilgjengelege på digitale plattformer, gjer det ekstra viktig at desse tenestene er brukarvennlege og universelt utforma. Etter fullført studieløp skal studenten kunne utvikle robust programvare på eiga hand og som deltakar i prosjektgrupper.

3.1 Omgrepsavklaringar

OmgrepBeskriving
ITInformasjonsteknologi
IKTInformasjons- og kommunikasjonsteknologi
DigdirDigitaliseringsdirektoratet
Universell utformingDet at utforminga av brukargrensesnittet er tilpassa så mange som mogleg på ein likeverdig måte
UXUser experience design (brukarvennleg utforming)
UIUser interface (brukargrensesnitt)
XMLExtensible markup language (verktøy for deling av strukturerte data)
GDPRGeneral Data Protection Regulation (lov om personvern)
Smidig utviklingDet å utvikle løysingar gjennom samarbeid mellom sjølvorganiserande og tverrfunksjonelle team og kunden/sluttbrukaren deira