Hopp til hovedinnhold

Elkraft

Nasjonale planar

7. Fordjupingsemne

7.1 Installasjonssystem

Dette emnet skal gi studenten kunnskap til å utføre nødvendige berekningar for rett val og dimensjonering av elektrisk utstyr og maskiner.

Gjesteforelesar(ar) bør vurderast for å synleggjere praktiske behov.

EmneStudiepoeng
Installasjonssystem10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om berekningar av og dokumentasjon for installasjonssystem etter gjeldande normer og forskrifter
  • har kunnskap om eltilsynslova
  • har kunnskap om lovverk og plassering av leie- og nødlys
  • har kunnskap om risikovurderingar og sikkerheitsfilosofi ved installasjonssystem med vekt på elektrisk sjokk, induserte spenningar, overbelasting og kortslutning
  • har kunnskap om varmepumper, vassborne energisystem, ventilasjonssystem og bruk av slike i bustader og industri med vekt på enøk, sikkerheit, klima og kvalitet
  • veit korleis eigenskapane til elektriske installasjonar blir påverka av aldring og ytre påkjenningar som trykkvariasjonar, temperatur og fukt
  • har kunnskap om EMC og EMI i elektriske og automatiserte system
  • har kunnskap om overspenningar i elektriske anlegg
  • kan vurdere utføringa av installasjonssystem med omsyn til gjeldande forskrifter og normer
  • har kunnskap om funksjonen, karakteristikkane og eigenskapane til ulike statiske og roterande maskiner
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om installasjonssystem
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor installasjonssystem
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for bruk av elektroniske verktøy ved prosjektering, kontrahering og framstilling av dokumentasjon av installasjonssystem og automatiserte system
  • kan gjere greie for val av installasjonssystem og automatiserte system som blir nytta til lågenergiløysingar og byggautomatisering
  • kan gjere greie for lovverk og val av plassering for leie- og nødlys
  • kan gjere greie for berekningar og dokumentasjon av vernetiltak i elektriske anlegg
  • kan finne og vise til lover, forskrifter, normer, datablad og faglitteratur og vurdere relevansen for installasjonssystem
  • kan kartleggje og feilsøkje installerte installasjonssystem og vurdere behov for å setje i verk tiltak
  • kan bruke metodar og verktøy som blir nytta ved risikovurdering, planlegging og dokumentasjon av installasjonssystem
  • kan gjere greie for val av løysingar som er i tråd med behova til kunden, og somoppfyller krav til sikkerheit, klima, miljø og kvalitet
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og dokumentere installasjonssystem åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav, retningslinjer, sikkerheit og relevante lover og forskrifter
  • kan utføre arbeid på installasjonssystem i tråd med kunden sine behov
  • kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor installasjonssystem og på tvers av fag og med eksterne målgrupper
  • kan utveksle synspunkt med medarbeidarar som jobbar med installasjonssystem, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis for prosjektgjennomføring
  • kan utøve fagleg leiing
Tema
  • Fagleg leiing
  • Risikovurdering
  • Elektriske anlegg og elektrisk utstyr
  • Dokumentasjon

7.2 Elektrisk energiproduksjon og ‑distribusjon

Dette emnet skal gi studenten kunnskap til å utføre nødvendige berekningar for rett val og dimensjonering av elektrisk utstyr og maskiner.

Gjesteforelesar(ar) bør vurderast for å synleggjere praktiske behov.

EmneStudiepoeng
Elektrisk energiproduksjon og ‑distribusjon10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • veit korleis kraftsystemet er oppbygd, og har kunnskap om systemkomponentar og regelverk som regulerer energiproduksjon og distribusjon og handel med elektrisk energi
  • har kunnskap om dagens energikjelder og nye typar fornybar energi
  • har kunnskap om kraftproduksjon og korleis han påverkar sikkerheit, miljø og klima
  • har kunnskap om samfunnssikkerheit og nødstraumsforsyning i kraftsystem
  • har kunnskap om vedlikehald, driftstilstandar og feilsituasjonar i elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • har kunnskap om transformatorar, vern og jording i elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • har kunnskap om risikovurdering, planlegging, prosjektering og drift av enkle elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • kan vurdere behov for sikkerheitstiltak ved arbeid på elektriske anlegg i tråd med relevante lover og forskrifter
  • veit korleis eigenskapane til elektriske forsynings- og produksjonsanlegg blir påverka av aldring og ytre påkjenningar som trykkvariasjonar, temperatur og fukt
  • har kunnskap om EMC og veit korleis EMI påverkar elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • har kunnskap om korleis overspenningar påverkar elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • har kunnskap om relevante forskrifter og normer som regulerer energiproduksjon og distribusjonsanlegg
  • kjenner til historia og utviklinga til elkraftbransjen
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor elektrisk energiproduksjon og distribusjon
  • har kunnskap om AMS, lastprioritering og smartgrid
Ferdigheiter

Studenten

  • kan utføre og gjere greie for val av måleutstyr til å utføre og vurdere målingar på elektriske maskiner og omformarar for å kartleggje aktuelle karakteristikkar og avdekkje normale og unormale driftstilstandar
  • kan utføre og gjere greie for overvaking, styring og sikring av elektriske produksjons- og distribusjonsnett
  • kan gjere greie for sjølvinduktans, kapasitans, resistans, spenningsfall, fasekompensering, kortslutningar, effekttap og spenningsfall i elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • kan finne, lese og utarbeide relevant dokumentasjon for elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og elektriske maskiner og omformarar og vurdere relevansen for ei yrkesfagleg problemstilling
  • kan gjere greie for val av elektriske maskiner og omformarar som blir nytta i elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor elektrisk energiproduksjon og distribusjon og justere denne under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan utarbeide relevant dokumentasjon og teikningsunderlag for transformatorar, elektriske maskiner og elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • kan velje arbeidsmetodar som tilfredsstiller krava til HMS og elsikkerheit ved arbeid på elektriske anlegg i samsvar med FEK, FSE og forskrift om maskiner
  • kan feilsøkje, diagnostisere og prosjektere elektriske forsyningsanlegg åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav, retningslinjer, sikkerheit og relevante lover og forskrifter
  • kan leie faglege grupper som arbeider med elektriske maskiner, med omsyn til tekniske krav, HMS og relevante forskrifter
  • kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor elektrisk kraftproduksjon og distribusjon på tvers av fag og med eksterne målgrupper
  • kan utveksle teknisk informasjon med ulike aktørar i arbeidslivet og i samfunnet elles og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kan utøve fagleg leiing
Tema
  • Fagleg leiing
  • Risikovurdering
  • Elektriske maskiner og omformarar
  • Berekraftige energikjelder
  • Elektriske overføringsanlegg og elektrisk overføringsutstyr
  • Dokumentasjon

7.3 Prosjektleiing og fagleg leiing

Dette emnet skal gi studenten kunnskap til å utføre oppgåver som fagleg ansvarleg for arbeid knytt til elkraftanlegg og som prosjekterande for den valde fordjupinga.

EmneStudiepoeng
Prosjektleiing og fagleg leiing10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om styring, kommunikasjon og overvaking av elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • har kunnskap om EMC og EMI i elektriske og automatiserte installasjonar
  • har kunnskap om risikovurdering, forhandlingar, kontraktsinngåing, leveransar og personalhandtering
  • kan vurdere kva etiske, juridiske og økonomiske føresetnader som ligg til grunn for eige arbeid
  • har kunnskap om metodar som analyserer samanhengen mellom leiing, tidsbruk, økonomi og kvalitet i ein arbeidsprosess
  • har kunnskap om kontraktar, ansvarsrett og entrepriseformer
  • har kunnskap om internkontrollforskrifta og IK-system
  • har kunnskap om lover, forskrifter og normer som regulerer elektriske installasjonar og elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • har kunnskap om BIM
  • har kunnskap om verktøy og metodar som blir nytta til prosjektplanlegging og prosjektstyring av elektriske installasjonar og elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • har kunnskap om elsikkerheit, internkontroll og HMS for eit elektroføretak
  • har kunnskap om elsikkerheits- og samfunnsmessig risiko knytt til elektriske installasjonar og elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for korleis EMC og EMI påverkar elektriske og automatiserte system
  • kan gjere greie for korleis overspenningar påverkar elektriske og automatiserte system
  • kan finne, nytte og vise til lover, forskrifter, normer, datablad og faglitteratur og vurdere relevansen for elektriske installasjonar og elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • kan nytte BIM ved prosjektering av elektriske installasjonar og elektriske forsynings- og produksjonsanlegg
  • kan kartleggje ein arbeidssituasjon og vurdere behov for ressursar og kva aktivitetar som skal gjennomførast
  • kan gjere greie for rutinar for å kartleggje kompetanse omkring elsikkerheita i eit føretak
  • kan gjere greie for vala sine ved prosjektering og drift av elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
  • kan gjere greie for val av entrepriseformer for elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
  • kan gjere greie for overvaking, styring og sikring av elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
  • kan gjere greie for utføringa av elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
  • kan vurdere korleis forskrifter og normer påverkar internkontrollsystem ved arbeid på elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
  • kan gjere greie for val og bruk av verktøy og metodar som blir nytta til risikovurdering, planlegging og dokumentasjon av elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg åleine og som deltakar i gruppe og i tråd med kundens behov for tekniske løysingar, kvalitet og økonomi
  • kan utarbeide kvalitetssikrings- og internkontrollsystem for elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg og halde dei ved like
  • kan prosjektere elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg i tråd med kunden sine behov
  • kan byggje relasjonar på tvers av fag og leie arbeid med tverrfaglege prosjekt
  • kan planleggje og gjennomføre arbeid med elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg med tanke på planlegging, kvalitet, arbeidsfordeling og kontroll av framdrift og effektivitet
  • kan planleggje og gjennomføre tekniske entreprisar og totalentreprisar for elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
  • kan utføre arbeid som fagleg ansvarleg på elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg
  • kan planleggje og gjennomføre kontroll og diagnostisering av elektriske installasjonar, elektriske forsynings- og produksjonsanlegg og maritime anlegg åleine og i ei gruppe og kan vurdere om anlegget er i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan planleggje og gjennomføre arbeid med internkontroll i eit føretak
Tema
  • Fagleg leiing og ansvar
  • Risikovurdering
  • Lover, forskrifter og normer
  • Elsikkerheit
  • Internkontroll
  • Avtalar og kontraktar i praksis
  • Prosjektering
  • BIM
  • Prosjektleiing

7.4 Elektroniske kommunikasjonssystem (ekom)

I dette emnet får du den teorien som krevst for å bli fagleg ansvarleg for ei elverksemd og kvalifisert person for ekomnettautorisasjon (ENA).

EmneStudiepoeng
Elektroniske kommunikasjonssystem (ekom)10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om korleis analoge og digitale elektroniske kommunikasjonsnett (ekomnett, brannalarm, innbrot, overfall, fellesantenne, lyd- og biletdistribusjon, styringssystem etc.) er bygde opp og verkar
  • kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til ekomlova og relevante forskrifter og standardar
  • kan vurdere alle aspekt ved installasjon med omsyn til gjeldande normer og krav til sikkerheit og kvalitet
  • har kunnskap om EMC og EMI i ekomnett
  • har kunnskap om transmisjonslinjer, infrastruktur og teknologi i ekomnett
  • har kunnskap om risikovurdering, planlegging og prosjektering av ekomnett
  • kjenner til ekoms utvikling og plass i samfunnet
  • har kunnskap om behov for og krav til reservekraft
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for vala av materiell og utstyr som blir installert eller halde ved like i tråd med teknisk dokumentasjon, og ta omsyn til støypåverknad og EMC i grensesnitt mot andre nett og anna brukarutstyr
  • kan bruke og gjere greie for val av programvare og verktøy for berekning, planlegging, kvalitetskontroll og dokumentasjon av ekomnett
  • kan gjere greie for vala sine i prosjektering av ekomnett
  • kan bruke og gjere greie for test- og måleinstrument og vurdere resultatet av målingar, testar og analysar
  • kan reflektere over si eiga faglege utøving ved å måle, teste og analysere elektroniske kommunikasjonssystem, tolke resultata og justere desse under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje, prosjektere og velje rett materiell for å installere, drifte og halde ved like ekomnett åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med gjeldande regelverk og etiske krav
  • kan utføre arbeidet etter spesifikasjonane til kunden og behova og krava til leverandørar og spesialistar
  • kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor ekom, på tvers av fag og med eksterne målgrupper for erfaringsutveksling og drøfting av løysingar
  • kan utveksle kunnskap og erfaring med andre som har bakgrunn frå ekom, og kan delta i diskusjonar om utvikling av nye løysingar, effektivt vedlikehald og god praksis
  • kan bidra til å utvikle ein sunn bedriftskultur basert på dei verdiane som samfunnet ønskjer, og som vil gi bedrifta eit godt omdømme
  • kan utøve fagleg leiing
Tema
  • Ekomregelverk
  • Risikovurdering
  • Prosjektering
  • Utføring, måling, dokumentasjon og drift
  • Elsikkerheit/EMC
  • Infrastruktur
  • Leielys og nødlys

7.5 Automatiserte system og reguleringssystem

Dette emnet skal gi studenten kunnskap til velje rett bygningsautomatisering for å automatisere og samordne styringa av mellom anna VVS, energi og belysning i og utanfor bygningar og dimensjonering av elektrisk utstyr og maskiner. Gjesteforelesar(ar) bør vurderast for å synleggjere praktiske behov.

EmneStudiepoeng
Automatiserte system og reguleringssystem10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om berekningar av og dokumentasjon for automatiserte system etter gjeldande normer og forskrifter
  • har kunnskap om straumforsyning over ekomnett, reguleringstekniske prinsipp, byggautomatisering, energikretsar og styrestraumkretsar med programmerbare styringar
  • har kunnskap om analoge og digitale signal og bruk av slike til styring og regulering
  • har kunnskap om risikovurderingar og sikkerheitsfilosofi ved installasjonssystem og automatiserte anlegg med vekt på elektrisk sjokk, induserte spenningar, overbelasting og kortslutning
  • veit korleis eigenskapane til automatiserte installasjonar blir påverka av aldring og ytre påkjenningar som trykkvariasjonar, temperatur og fukt
  • har kunnskap om anvend styrings- og reguleringsteknikk
  • har kunnskap om EMC og EMI i elektriske og automatiserte system
  • kan vurdere utføringa av automatiserte system med omsyn til gjeldande forskrifter og normer
  • kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om automatiserte system
  • har innsikt i sine eigne høve til utvikling innanfor automatiserte anlegg
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for bruk av elektroniske verktøy ved prosjektering, kontrahering og framstilling av dokumentasjon av automatiserte system
  • kan gjere greie for val av automatiserte system som blir nytta til lågenergiløysingar og byggautomatisering
  • kan gjere greie for berekningar og dokumentasjon av vernetiltak i automatiserte system
  • kan finne og vise til lover, forskrifter, normer, datablad og faglitteratur og vurdere relevansen for automatiserte anlegg
  • kan kartleggje og feilsøkje installerte automatiserte anlegg og vurdere behov for å setje i verk tiltak
  • kan bruke metodar og verktøy som blir nytta ved risikovurdering, planlegging og dokumentasjon av automatiserte system
  • kan utføre og gjere greie for overvaking, styring og sikring av elektriske produksjons- og distribusjonsnett
  • kan gjere greie for val av løysingar i tråd med kunden sine behov og krav til sikkerheit, klima, miljø og kvalitet
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og dokumentere automatiserte system åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med etiske krav, retningslinjer, sikkerheit og relevante lover og forskrifter
  • kan utføre arbeid på automatiserte system i tråd med behova til kunden
  • kan byggje relasjonar med fagfellar innanfor automatiserte system, på tvers av fag og med eksterne målgrupper
  • kan utveksle synspunkt med medarbeidarar som jobbar med automatiserte anlegg, og kan delta i diskusjonar om utvikling av god praksis for prosjektgjennomføring
  • kan utøve fagleg leiing
Tema
  • Styrings- og reguleringssystem
  • Byggautomatisering og energibruk

7.6 Hovudprosjekt

Hovudprosjektet bør koplast til relevant prosjekt i bedrift/arbeidsliv innanfor energi, elinstallasjon og/eller ekom med fagleg leiing integrert. Ekstern rettleiar er tilrådd.

EmneStudiepoeng
Hovudprosjekt10
Læringsutbytte
Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om korleis ein skriv ein prosjektrapport
  • har særskild kunnskap om eit sjølvvalt tema med ei problemstilling innanfor fordjupinga
  • har kunnskap om korleis ein innhentar informasjon om temaet for hovudprosjektet
  • har kunnskap om samanhengen mellom teori og praksis
  • kan vurdere sitt eige prosjekt med omsyn til gjeldande normer og krav
  • kjenner til bransjen/yrka som er knytte til temaet i hovudprosjektet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjere greie for val av tema for hovudprosjektet
  • kan identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
  • kan delta i teamarbeid og planleggje, kommunisere og presentere prosjektarbeid og resultat
  • kan skrive ein rapport om eit prosjekt
  • kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis
  • kan reflektere over sitt eige prosjekt og justere dette under rettleiing frå fagfolk
  • kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å vurdere kor relevant ei problemstilling er i eit prosjekt
Generell kompetanse

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid åleine og som deltakar i ei gruppe i tråd med formelle og etiske krav og retningslinjer
  • har utvikla eit medvit rundt prosjektarbeid og kan fordjupe seg i temaet som dannar grunnlag for prosjektet, og tenkje kreativt og nyskapande
  • kan utføre eit prosjektarbeid i tråd med behova til bedrifter eller arbeidsgivar
  • kan utveksle synspunkt med andre i gruppa eller bedrifta og delta i diskusjonar om utviklinga av eit prosjekt