Elkraft
Nasjonale planar3. Overordna læringsutbytte
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om omgrep, prosessar og verktøy som blir nytta i elektriske og elektroniske system
- har kunnskap om økonomistyring, leiing og marknadsføring i ei bedrift
- har kunnskap prosjektstyring, risikovurdering og gjennomføring i prosjekt
- har kunnskap om drift og vedlikehald av elektriske anlegg
- har kunnskap om berekraftige energisystem
- har kunnskap om elkraftbransjen og kjenner til utviklingsarbeidet som skjer på fagområdet
- kan vurdere sitt eige arbeid med omsyn til gjeldande normer og krav knytte til elkraftfaget
- kan vurdere sitt eige arbeid med risikovurdering, kvalitetssikring og internkontroll med omsyn til gjeldande krav til HMS og kvalitet
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om elkraftfaget
- kjenner til historia til bransjen og veit kor viktig utviklinga i bransjen er i eit samfunns- og verdiskapingsperspektiv
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan gjere greie for faglege val i planlegging, prosjektering og verifisering av elektriske og elektroniske anlegg
- kan gjere greie for val av drifts- og vedlikehaldsstrategiar for elektroniske og elektriske anlegg og innanfor kraftproduksjon og distribusjon
- kan reflektere over si eiga utøving av fagleg leiing
- kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor installasjon av elektriske og elektroniske system og innanfor kraftproduksjon og distribusjon og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff som er relevant for å løyse oppgåver innanfor elkraftfaget
- kan kartleggje ein situasjon, identifisere elkraftfaglege problemstillingar og setje i verk tiltak
- kan reflektere over si eiga faglege utøving innanfor elkraftsystem og justere denne ved behov
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan planleggje og gjennomføre risikovurdering, kvalitetssikring og internkontroll for å vareta krav til HMS og kvalitet
- kan planleggje, prosjektere og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i eller leiar for ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer for miljø og kvalitet som gjeld nasjonalt og internasjonalt
- kan bidra til organisasjonsutvikling ved å følgje med på ny teknologi i bransjen som kan føre til kvalitetsheving, nyskaping og innovasjon
- kan leie, engasjere og motivere enkeltpersonar, lag og heile arbeidsstyrken på arbeidsplassen og byggje relasjonar på tvers av tekniske fag
- kan utveksle synspunkt på elektrofaglege problemstillingar med andre som har bakgrunn frå elektrofaget, og kan delta i diskusjonar om utvikling av god praksis