Programmering
Nasjonale planar6. Emnebeskrivingar
Læringsutbyttebeskrivingane på emnenivå (E-LUB) i denne planen er ikkje utfyllande og må reknast som rettleiande. Det er opp til den enkelte fagskulen å utvikle dekkjande E-LUB som òg tek vare på eigenart og lokale faktorar gjennom eigne studieplanar. Den enkelte fagskulen går kvart år gjennom E-LUB i studieplanane sine i tråd med eigne kvalitetssikringsrutinar.
6.1 Reiskapsemne
Realfagleg reiskap
Emne | Tema |
---|---|
Realfagleg reiskap 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om realfag som reiskap innanfor fagområdet sitt
- har kunnskap om realfaglege omgrep, teoriar, analysar, strategiar, prosessar og verktøy som blir nytta
- kan utføre berekningar, overslag og problemløysing med relevans for dimensjonering og andre problemstillingar innanfor studieretninga
- kan vurdere sitt eige arbeid i samsvar med matematiske og fysiske lover
- kan utvide kunnskapen sin og har innsikt i eigne høve til utvikling innanfor realfag
- kjenner til matematikkens og fysikkens eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av reknemetoden som blir brukt til å løyse faglege problem
- kan gjere greie for val av digitale verktøy som blir brukte til problemløysing innanfor realfaglege tema
- kan nytte digitale hjelpemiddel til å løyse likningar og andre matematiske oppgåver
- kan vurdere resultat av berekningar og reflektere over si eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne og vise til relevant informasjon og fagstoff i formelsamlingar, tabellar og fagbøker
- kan kartleggje ein situasjon og identifisere realfaglege problemstillingar
- har kjennskap til og kan nytte grunnleggjande fysiske lover og fysikkens metodikk
- kan tolke og bruke modellar som blir nytta innanfor matematikk og fysikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre yrkesretta arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe ved å nytte realfag i tråd med etiske krav, retningslinjer og målgruppa sine behova
- har innsikt i kva føresetnader og forenklingar hen har gjort i berekningane sine
- har innsikt i rekkjevidda og avgrensingane til metodane som blir brukte
- kan utveksle synspunkt og samarbeide med fagfellar om fagspesifikke problemstillingar med realfag som tverrfagleg fundament, og dermed bidra til organisasjonsutvikling
Kommunikasjon
Emne | Tema |
---|---|
Kommunikasjon 10 studiepoeng | Blir tilordna av den enkelte tilbydaren |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande kommunikasjonsteori
- kjenner til kva kulturell identitet har å seie for samarbeid og kommunikasjon på arbeidsplassen
- har kunnskap om engelske faguttrykk som blir brukte innanfor eige fagområde
- har kunnskap om sentrale retoriske omgrep og verkemiddel
- har kunnskap om kjeldebruk etter standard for høgare utdanning
- kjenner til vanlege digitale verktøy for kjeldetilvising, dokumentasjon, tekstproduksjon, deling, presentasjon og møte
- har kjennskap til prinsipp for tekstorganisering og produksjon
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei problemstilling, og korleis ein kan svare på henne
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over møte mellom forskjellige arbeidslivskulturar
- kan bruke relevante omgrep for å analysere sin eigen og andres tekst
- kan reflektere over og revidere tekstar
- kan reflektere over korleis retorikk blir nytta
- kan byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer
- kan innhente informasjon frå ulike kjelder og bruke han kritisk, formålstenleg og etterretteleg
- kan reflektere over eigen kommunikasjon i profesjonell samanheng
- kan produsere tekstar der form og innhald er tilpassa situasjonen, målet og mottakaren
- kan bruke digitale kommunikasjonsverktøy i ein profesjonell samanheng
- kan uttrykkje seg med nyansert ordval, variert setningsstruktur og tekstbinding
- kan planleggje, strukturere og gjennomføre møte og presentasjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere formålstenleg for å bidra til ein inkluderande organisasjonskultur
- kan tilpasse språk og argumentasjon etter mål og mottakar
- kan produsere tekstar med korrekt rettskriving, grammatikk og teiknsetjing
- meistrar relevante kommunikasjonsverktøy
- kan kommunisere gjennom relevante tekstar og kanalar
- kan samarbeide om tekstproduksjon
Leiing, økonomi og marknadsføring (LØM)
Emne | Tema |
---|---|
LØM 10 studiepoeng | Økonomistyring Organisasjon og leiing Marknadsføringsleiing |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale omgrep innanfor økonomi, organisasjon og marknadsføring knytte til føretaksleiing
- har kunnskap om lønnskostnader
- har kunnskap om mål, tiltak og handlingsplanar
- kjenner til aktuelle lover og avtalar innanfor emnet
Ferdigheiter
Studenten
- kan kartleggje eksterne og interne arbeidsvilkår og utarbeide situasjonsanalysar
- kan gjere greie for den økonomiske statusen i bedrifta ved å hente ut økonomiske data frå rekneskapen og bruke dei i analysar og kalkylar
- kan vurdere betalingsevna og kapitalbehovet til bedrifta
- kan planleggje økonomiske milepælar ved å utarbeide budsjett og gjere greie for økonomisk måloppnåing ved å vurdere eventuelle avvik
- kan gjennomføre ein investeringsanalyse og reflektere over lønnsemda i ei mogleg framtidig investering
- kan bruke rekneark i arbeidet med rekneskap, budsjett, analysar og kalkylar
- kan gjere ei heilskapleg prisvurdering og utarbeide kalkylar
- kan vurdere organisasjonsstrukturen og kulturen og arbeidsmiljøet for å vidareutvikle verksemda
- kan kommunisere med, leie og motivere personalet på måtar som fremjar effektivitet og trivsel
- kan identifisere, analysere og utvikle kompetansen til medarbeidarane
- kan planleggje og gjennomføre gode rekrutteringsprosessar, frå behovsanalyse til introduksjon
- kan gjere greie for kjøpsprosessen i ulike marknader og vurdere kunden si kjøpsåtferd i desse
- kan vurdere val av marknadskommunikasjonstiltak i aktuelle medium og tilpasse bodskap til utvalde målgrupper i dei aktuelle media
- kan vurdere kva produkt bedrifta bør satse på, i kva marknader satsinga bør skje, og kva distribusjonskanalar ein bør nytte
- kan vurdere val av verksemds- og marknadsstrategi
Generell kompetanse
Studenten
- kan innanfor gitte tidsfristar, åleine og i samarbeid med andre, planleggje, gjennomføre, dokumentere og levere arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan etablere, utvikle og leie ein organisasjon på måtar som fremjar både effektivitet, arbeidsmiljø, berekraft og samfunnsansvar
- har digital kompetanse til å søkje kunnskap og informasjon og kan tolke og bruke informasjonen i det vidare arbeidet
- kan kommunisere internt og eksternt og nytte digitale verktøy til dette
- kan utarbeide relevante faglege dokument som til dømes pristilbod, tiltaks-/handlingsplanar, arbeidsavtalar, møteinnkallingar med saksframlegg, forretningsplanar og marknadsplanar
- kan reflektere over samfunnsutviklinga og relatere utviklinga til bedrifta sin situasjon
6.2 Grunnlagsemne: felles IT
Ein praktisk eller laborientert fellesmodul for alle IT-faga som skal sikre ei felles kompetanseplattform blant studentane for vidare modular, og som skal gjere studentane i stand til å kommunisere teknisk med fagfellar og andre eksterne fagpersonar.
Emne 4: Utvikling
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Utvikling | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om omgrep, prosessar, verktøy og ulike konstruksjonar som blir nytta innanfor programmering
- har kunnskap om fil- og datastrukturar, referansar og normalisering av databasar som blir nytta innanfor IT
- har kunnskap om prosessar, verktøy og arbeidsflyt som blir nytta i utviklingsarbeid og applikasjonslivssyklus
- har innsikt i lisensiering og relevant regelverk innanfor IT-utviklingsarbeid
- har innsikt i prinsipp for god programmeringsskikk
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin innanfor programmering, databasar og webutvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap på problemstillingar innanfor IT-utvikling
- kan nytte relevante verktøy, teknikkar og uttrykksformer for fungerande løysingar
- kan nytte relevante verktøy og teknikkar for kjeldekontrollsystem
- kan finne informasjon om programmering, databasar og webutvikling for å optimalisere eigne løysingar
- kan kartleggje ei løysing og identifisere sårbarheiter og behov for å setje i verk tiltak
Generell kompetanse
Studenten
- har ei etisk grunnhaldning til det å utvikle løysingar
- kan utføre programmeringsarbeid med fokus på fungerande løysingar
- kan byggje relasjonar med fagfellar og på tvers av fagretningar innanfor programmering og IT-sikkerheit for god utviklingspraksis
Tema
- Programmering
- Databasar
- Webutvikling
Emne 5: Infrastruktur
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Infrastruktur | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om maskinvarekomponentar, prosessar og verktøy som blir nytta innanfor oppsett og vedlikehald av IT-infrastrukturar
- har kunnskap om OSI-modellen, viktige nettverksprotokollar og topologiar som blir nytta for kommunikasjon mellom IT-komponentar
- har kunnskap om prosessar og verktøy for automatisering med skript og utvikling av effektive løysingar
- har innsikt i arkitekturprinsipp for sky-, on-premises- og hybridløysingar
- har kunnskap om IT-bransjen og kjenner til ulike drifts- og leveransemodellar
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap om systemovervaking for funksjonelt oppsett av løysingar
- kan nytte fagleg kunnskap om konfigurasjonsstyring med kode for effektiv konfigurasjon av IT-infrastruktur
- kan nytte relevante verktøy og teknikkar for skripting og automatisering av oppgåver
- kan nytte relevante verktøy og teknikkar for å administrere brukareiningar
- kan finne informasjon om sikkerheitsinfrastruktur og kodeoptimalisering
- kan kartleggje IT-infrastruktur, identifisere moglege problemstillingar og dokumentere behovet for utbetring
Generell kompetanse
Studenten
- har forståing for bransjeetiske prinsipp i arbeidet med infrastruktur for ei bedrift
- kan setje opp IT-infrastruktur etter spesifikasjonane og behovet til utvalde kundar
- kan planleggje infrastruktur til små bedrifter
- kan byggje relasjonar med fagfellar og eksterne aktørar for god praksis innanfor infrastruktur
- kan utvikle arbeidsmetodar for å oppgradere og halde ved like løysingar
Tema
- Nettverk
- Maskinvare, dataelektronikk og feilsøking
- Server og klient
- Virtualisering og skyteknologi
Emne 6: Rammeverk, metode og sikkerheit
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Rammeverk, metode og sikkerheit | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale rammeverk og arbeidsformer som blir nytta innanfor arkitektur og smidig utvikling
- har kunnskap om omgrep, prosessar og verktøy som blir nytta i IT-prosjektleiing og drifts-/tenesteutvikling
- har innsikt i retningslinjer og standardar for IT-sikkerheit
- har bransjekunnskap og kjennskap til trendar og endringar innanfor IT
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin om IT-arkitektur og sikkerheitspolicy
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte relevante verktøy, ressursar og teknikkar for oppsett, bruk og etterleving av sikkerheitspolicy
- kan nytte faglege prosessar og verktøy for dokumentasjon og rutinar
- kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for prosjektgjennomføring
- kan finne informasjon om trendar og ny teknologi på fagområdet
- kan kartleggje eit prosjekt, identifisere faglege problemstillingar og setje i verk forbetringstiltak
Generell kompetanse
Studenten
- har utvikla ei etisk grunnhaldning til samarbeid, ressursbruk og gjennomføringa av IT-prosjekt
- kan utføre IT-prosjekt etter spesifikasjonar og delta aktivt i gjennomføringa
- kan byggje relasjonar med fagfellar, på tvers av fag og med eksterne aktørar for å utvikle god praksis
Tema
- Arkitektur
- Rammeverk
- Sikkerheit
- Prosjektgjennomføring
- Dokumentasjon
- Bransjekunnskap
6.3 Fordjupingsemne: Programmering 1
Programmering 1 skal gi studenten praktisk og teoretisk kompetanse innanfor programmering, systemutvikling og webutvikling og gi grunnlag for å delta i prosjektgrupper. Studenten bør ha gjennomført den felles IT-modulen før hen begynner på programmering 1.
Emne 7: Systemutvikling og samarbeid
Emnet vil gi studenten kompetanse i å arbeide med programmeringsprosjekt åleine og saman med andre og i å kommunisere med oppdragsgivaren og sluttbrukaren.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Systemutvikling og samarbeid | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om relevante systemutviklingsmetodar og verktøy for å samarbeide med andre
- har kunnskap om metodar og teknikkar for å kommunisere med sluttbrukaren under planlegging og utvikling av programvare
- har kunnskap om planlegging og implementering av programvare som tek omsyn til brukarvennlegheit og universell utforming i tråd med Digdirs krav og reglar
- veit korleis hen kan oppdatere den faglege kunnskapen sin om programmering og systemutvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, prosjektere og gjennomføre systemutvikling og programmering åleine eller som deltakar i eller leiar av ei gruppe
- kan designe programvare i tråd med krava frå Digdir og regelverk for universell utforming
- kan vurdere den økonomiske situasjonen til bedrifta eller prosjektet og på bakgrunn av dette ta fornuftige og grunngitte val
- kan finne fram til relevant fagstoff og dokumentasjon
- kan reflektere over si eiga faglege utøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan delta aktivt i prosjekt
- kan utføre arbeid etter behova til oppdragsgivaren, etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfelt
- kan utveksle bransjerelaterte synspunkt og ditto informasjon
- kan byggje relasjonar både internt, eksternt og på tvers av fagfelt
Emne 8: Grunnleggjande programmering
Emnet gir studenten grunnleggjande programmeringskompetanse. Studenten skal kunne lese og tolke kode, drøfte sikkerheita til applikasjonar og få kjennskap til universell utforming. Studentar frå IT-sikkerheit kan òg velje dette emnet.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Grunnleggjande programmering | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- kjenner til utvikling av brukargrensesnitt
- har kunnskap om grunnleggjande programmeringsteknikkar som variabeldeklarasjonar, kontrollstrukturar, løkkjer og funksjonar
- veit kor viktig det er å vareta sikkerheita i samband med applikasjonar
- har kunnskap om GDPR
- har kjennskap til universell utforming
Ferdigheiter
Studenten
- kan utvikle eit brukargrensesnitt ved hjelp av kode og utviklingsverktøy
- kan skrive kode med variabeldeklarasjonar, kontrollstrukturar, løkkjer og funksjonar
- kan lese og tolke kode
- kan halde ved like og forbetre eksisterande applikasjonar
- kan drøfte sikkerheita til ein applikasjon
- kan vurdere ein applikasjon med omsyn til krava om universell utforming
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, prosjektere, dokumentere, setje i verk og drifte applikasjonar
- kan halde ved like og utvikle kompetansen sin innanfor emnet
- kan delta aktivt i prosjekt
- kan utføre arbeid etter behova til oppdragsgivaren, etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfelt
- kan utveksle bransjerelaterte synspunkt og ditto informasjon
- kan byggje relasjonar både internt, eksternt og på tvers av fagfelt
Emne 9: Webutvikling
Emnet gir kompetanse i å byggje eller forbetre websider med HTML, CSS og JavaScript.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Webutvikling | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om fagterminologi, utviklingsspråk og arbeidsprosessar som blir nytta til å utvikle nettsider ved hjelp av HTML og CSS
- har grunnleggjande kunnskap om programmeringsspråket JavaScript og fagterminologi innanfor utvikling av nettsider og webapplikasjonar
- har kunnskap om fagterminologi i eit JavaScript-rammeverk og veit korleis dette blir brukt i samband med utvikling av nettsider og webapplikasjonar
- har innsikt i relevant regelverk for universell utforming og universelle standardar og krav til kvalitet i utviklinga av nettsider
- har kunnskap om responsivt og adaptivt design tilpassa ulike einingar
- forstår kor viktig det er med universelt utforma nettsider for å sikre tilgjengelegheit og gode brukaropplevingar for alle
- kan oppdatere den yrkesfaglege kunnskapen sin ved å gå gjennom fagleg relevant dokumentasjon av ulike verktøy og system
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte kunnskap om HTML og CSS til å utvikle nettsider
- kan nytte kunnskap om JavaScript til å utvikle nettsider og webapplikasjonar
- kan nytte kunnskap om responsivt og adaptivt design til å utvikle nettsider som er tilpassa ulike skjermoppløysingar
- kan nytte kunnskap om kolleksjonar av data og eksterne data i utvikling av nettsider og webapplikasjonar
- kan nytte aktuelle verktøy for å teste og kvalitetssikre ein nettstad i tråd med gjeldande krav og regelverk
- kan nytte kunnskap om eit JavaScript-rammeverk og veit korleis dette kan brukast til å utvikle nettsider og webapplikasjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan delta aktivt i prosjekt
- kan utføre arbeid etter behova til oppdragsgivaren, etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfelt
- kan utveksle bransjerelaterte synspunkt og ditto informasjon
- kan byggje relasjonar både internt, eksternt og på tvers av fagfelt
6.4 Fordjupingsemne: Programmering 2
Studenten bør ha bestått programmering 1 før hen begynner på denne modulen. Programmering 2 gir kunnskap om programmering, apputvikling, databasar og prosjektarbeid. Studenten skal arbeide som deltakar i og/eller leiar av prosjektgrupper.
Emne 10: Apputvikling
Gir kompetanse innanfor XML, UX/UI-utvikling og eit valt programmeringsspråk til å byggje mobile appar.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Apputvikling | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om kva ein mobil applikasjon er, og veit korleis han blir utvikla
- har kunnskap om forskjellige modellar av datastrukturar som blir nytta i appar
- har kunnskap om grunnleggjande programmering i eit valt programmeringsspråk og om verktøya som blir brukte til å utvikle appar
- har kunnskap om UX/UI-utvikling i ein app
- har kunnskap om programmering av funksjonar og objektorientert programmering
- har innsikt i relevant regelverk om og standardar for universell utforming og veit kva følgjer det har for programmering av brukargrensesnitt
- har kunnskap om fagterminologi innanfor utforming, grensesnitt og arbeidsprosessar som blir nytta i samband medoppsettav appar
- har kunnskap om metodar og verktøy for oppsett og analyse av brukartestar for å vurdere eige arbeid innanfor personvern, datasikkerheit og universell utforming
- kan oppdatere kunnskapen sin om programmering og utvikling av appar gjennom faglitteratur og søk i relevante artikkel- og ressursdatabasar og gjennom faglege fellesskap
Ferdigheiter
Studenten
- kan ta i bruk metodar og verktøy for å utvikle innhald og datastrukturar til appar
- kan nytte kunnskap om grunnleggjande programmering og objektorientert programmering til å utvikle appar
- kan nytte kunnskap om XML og brukargrensesnitt (UI) til å utvikle universelt utforma appar.
- kan nytte relevant utviklingsverktøy til å byggje appar
- kan reflektere over sin eigen programmeringspraksis knytt til personvern og datasikkerheit og kan om nødvendig justere denne under rettleiing
- kan finne informasjon og fagstoff i aktuelle ressursbibliotek og faglege diskusjonsforum til å løyse programmeringsoppgåver
Generell kompetanse
Studenten
- kan delta aktivt i prosjekt
- kan utføre arbeid etter behova til oppdragsgivaren, etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfelt
- kan utveksle bransjerelaterte synspunkt og informasjon
- kan byggje relasjonar både internt, eksternt og på tvers av fagfelt
Emne 11: Organisering og databasar
Emnet vil gi studenten kompetanse i databasar, databasens grensesnitt mot web- eller mobilapplikasjonar og vern av data.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Organisering og databasar | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om grunnleggjande databaseteori
- har kunnskap om prinsippa for skytenester som dataprosessering, datalagring og programvaretenester
- har kunnskap om relevant regelverk om datalagring
Ferdigheiter
Studenten
- kan utvikle datamodellar med nøklar, tabellar og relasjonar
- kan opprette databasar på lokale serverar og som skyteneste
- kan utvikle webapplikasjonar som lagrar og hentar data frå ein database
- kan gjere greie for prinsippa for tenester i nettskya, som dataprosessering, datalagring og programvaretenester på tenarar i eksterne tenarparkar som er tilknytte internett
- kan nytte kunnskap om skytenester til å etablere eit datalager
- kan ta grunngitte val om datalagring i samsvar med gjeldande lover og reglar
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje, prosjektere, dokumentere, implementere og drifte applikasjonar der nettskybaserte tenester inngår
- kan planleggje, prosjektere, dokumentere, implementere og drifte applikasjonar der databasar inngår
- kan delta aktivt i prosjekt
- kan utføre arbeid etter behova til oppdragsgivaren, etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfelt
- kan utveksle bransjerelaterte synspunkt og ditto informasjon
- kan byggje relasjonar både internt, eksternt og på tvers av fagfelt
Emne 12: Hovudprosjekt med smidig utvikling
Hovudprosjektet vil gi studenten høve til å arbeide med lokalt næringsliv, og hen skal arbeide med web- eller mobilapplikasjon etter kravspesifikasjon frå oppdragsgivaren.
Emne | Studiepoeng |
---|---|
Hovudprosjekt med smidig utvikling | 10 |
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om relevante systemutviklingsmetodar og verktøy for samarbeid med andre
- har kunnskap om metodar og teknikkar for kommunikasjon med sluttbrukaren under planlegging og utvikling av programvare
- har kunnskap om planlegging og implementering av programvare som tek omsyn til brukarvennlegheit og universell utforming i tråd med Digdirs krav og reglar
- veit korleis ein kan oppdatere den faglege kunnskapen sin om programmering og systemutvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for val av tema for hovudprosjektet
- kan identifisere, kartleggje og vurdere ei fagleg problemstilling
- kan delta i teamarbeid og planleggje, kommunisere og presentere prosjektarbeid og resultat
- kan skrive ein rapport om eit prosjekt
- kan drøfte samanhengen mellom teori og praksis
- kan reflektere over sitt eige prosjekt og justere dette under rettleiing frå fagfolk
- kan finne og vise til informasjon og fagstoff for å vurdere kor relevant ei problemstilling er i eit prosjekt
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid åleine og som deltakar i ei gruppe og i tråd med formelle og etiske krav og retningslinjer
- har utvikla eit medvit rundt prosjektarbeid og kan fordjupe seg i temaet som dannar grunnlag for prosjektet, og tenkje kreativt og nyskapande
- kan utføre eit prosjektarbeid i tråd med behova til bedrifta eller arbeidsgivaren
- kan utveksle synspunkt med andre i gruppa eller bedrifta og delta i diskusjonar om utviklinga av eit prosjekt
- kan delta aktivt i prosjekt
- kan utføre arbeid etter behova til oppdragsgivaren, etablere fagnettverk og samarbeide med folk på tvers av fagfelt
- kan utveksle bransjerelaterte synspunkt og ditto informasjon
- kan byggje relasjonar både internt, eksternt og på tvers av fagfelt