Hopp til hovedinnhold

Programmering

Nasjonale planar

2. Om fagretninga

I dagens samfunn finst det programvare i alt frå støvsugarar og klokker til satellittar og romskip. I fagretninga datateknikk handlar det om å utvikle og halde ved like funksjonell og brukarvennleg programvare og sørgje for at denne programvara er sikker og ikkje utset individ og samfunn for fare. I arbeidslivet blir programvare som oftast utvikla i samarbeid med andre. Det kan vere fagpersonar frå same bransje, men òg fagpersonar frå andre bransjar. Datateknikk handlar derfor òg om metodar og verktøy for å utvikle programvare i samarbeid med andre og om kommunikasjon med personar frå andre bransjar.